5. okt. 2011

Korleis laga knapper av Silkis Leire..


Har du nokon gong ønska å hatt ein knapp i ein anna størrelse, farge eller fasong? 
Ein knapp ingen andre har??

Lag dine eigne knappar av silkis leire.

Silkis leire er ein papirleire som er finkorna og er ein smidig leire som er lett å arbeida med. 
Den luft-tørkar, så du kan lage dei kor som helst. Einaste det tar tid å tørke...
Eg har kjøpt min silkis leire hjå Panduro

Her er litt av det eg bruker til å lage mine knapper.


Riv av ein passe klump av leira. Pakk resten av leira inn i ein tett pose.
(den får fort ei tørr hard hinne, så pakk inn!!)
Kjevle ut leira i 2-4 mm tjukkelse.
Så er det til å finne noko ein kan stanse ut knappane med. 
Eg har funnet ein glimmermist kort, ein Glossy accents kort og neste minste runde nestabillitiesen. 
Du trenger jo sjølvsagt ikkje lage ein rund knapp, men det gjer eg no. 

Da er det berre å presse korken eller det du har funnet ned i leira.. Vri litt - nett som du skal bake pepperkaker. 
Viss det ikkje går an å presse tingen ned i, så skjærer du den ut, slik som eg gjere med nestabillitiesen.

Da får du ein slik runding.


Bruk fingrene til å få kanten rundt fin. 

*TIPS*
Har leira lagt littegran og blitt litt tørr, kan du fukte fingen med litt vatn mens du stryker rundt kanten.

Eg hadde såå mangen små stempler som eg enten har fått som "takk for handelen" eller kjøpt av ein eller anna grunn... Dei vart berre liggande. No har dei fått ei oppgave her hjå meg :) 
Når du har fått kanten slik du ynskjer, tar du eit av desse stemplene. 
Bruk den fargen og stempelputa du ynskjer. 
Bruker du Distress ink putene, blir fargen litt blassere når knappen tørker.
Press litt, slik at stempelet går litt ned i leira.

Sånn.. her har sværta gått av i leira og du ser stempelet er trykt i leira.

Her har eg brukt glossy accents korken til å lage rundinger med. 
Dei blei ganske frynsete på kanten, men med litt klapping og stryking med fingen, blir den fin igjen.

Då er det å lage knappe hulla. Eg bruker ein strikkepinne. Du kan bruke det du har for hånd.
Viss du skal lage mangen av samme størrelse, er det kanskje lurt å lage seg mal til knappehulla med eit ark..
Det kom eg på etter eg var ferdig ;) Greit å få hulla midt på :)

Eit lite tips når du lager hulla i knappen er å tre strikkepinnen inn på baksida også, slik at hulle er like stor på begge sider. Da er det letter å tre igjennom ein tråd viss du skal det.


Her har eg brukt eit bakgrunns stempel til å lage mønster med. 
Hugs det er kunn fantasien som stopper deg ;)

Her har eg laga mønster i knappane med eit reint tørt stempel. Altså uten stempelsværte på.


Her har eg laga fleire store knappar med forskjellige stempler.. 
Og eg brukte Distress ink - Walnut stain

Her har eg lagt alle knappane mine på eit ødelagt cd cover.. du kan legge dei på det du vil, men pass på at det ikkje tørker for fort, for då blir det sprikker i leira. Snu på dei ofte og viss du ser at det begynner å sprikke, legg eit fuktig håndkle over.

Me er ikkje ferdig med knappen endå. Eg pleier å ta dette over to kvelder.
Derfor er det lurt å lage opp ein del "når ein fyrst er i gong".
--------------------------------------------------------------------------------


Då er det dag to hjå meg, og knappane har fått tørka i 10-12 timar.


Det var nokon av knappane som var litt rufsete i kanten. Då kan du bruke ei fil eller eit pussepapir å pusse vekk.
Eg brukte nagle mi litt også, til å skrape av med.. 

Så kan du finne stempelputa du vil sværte med. Her har eg sværta med Distress ink. - Walnut stain

Her er knappane eg stempla uten stempelsværte. No sværter eg dei med Distress ink - Trumble glass
Og då får en fram mønsteret i knappen. 

Her er alle knappene og litt dekor som eg har laga ei anna gong.
Då er det bare til å sette igang med å lage kort.. 

Her er ein liten repitisjon. Fekk hjelp av dattera mi på 3 1/2 år idag. Og ho syns dette var kjempe kjekt!!

Kjevle leira ut - 2 til 4 mm tjukk

Press ut formen du vil ha.

Klapp til kanten rundt

Trykk stempelet litt ner i knappen

Lag hull i knappen, hugs også fra baksida

Sånn.. no er det bare å la den tørke.
Hugs å snu den inni mellom.


Her er nokon forskjellige kort eg har laga både knappar og anna pynt med silkis leire.


Har stempla hjertestempelet i leira.


Her har eg laga knappane av silkis leira.. 


Her har eg også laga hjertepynten i Silkis leire.


Her er knappane laga av Silkis leire.. Eg har trykt stemplene på uten stempelsværte.
Så har eg sværta knappen etter den var tørr.

No skal eg kosa meg med å laga kort med knappane mine. :) 

Håper du vart inspirert til å lage dine egne knapper :) 


Lykke til :) 

8 kommentarer:

  1. ótimo tutorial! Obrigada por compartilhar!!

    SvarSlett
  2. Helt fantastisk Tine :)
    jeg bare MÅ teste ut dette en dag jeg og - virkelig lekkert og tusen takk for at du har gjort oppskriften lett for meg å jobbe etter :)
    god klemm

    SvarSlett
  3. Herlige knapper du har laget! Flott tutorial :)

    SvarSlett
  4. Så flotte knappar. Dette må då eg også klare å lage. Likte godt repitisjonstutorialen med den flinke dattera di. Såg ut som ho koste seg :)

    SvarSlett
  5. Wow! Så stilig dette ble!
    Takk for mange fine tips.
    Klem

    SvarSlett
  6. Så flotte knapper du har laget og en flott tutorial! Takker for flotte tips!
    Merete

    SvarSlett
  7. Takk for flott forklaring på selvlagde knapper! De var kjempe flotte! Så flink "pia" di er til å hjelpe til!!
    Klem Sissel F

    SvarSlett

Tusen takk for at dere deltar hos oss i Anonyme Scrappere